Eit langt livsløp er tilbakelagt: 97 ½ år. Ei avhalden mor og ei høgt verdsett svigermor er komen til vegs ende. Ho etterlet seg også fire vaksne barnebarn som ho var sterkt knytta til og tre oldebarn og var den siste gjenlevande av besteforeldra i vår familie.
Liva Louine Hinnaland var av jærske røter og kom til verda på Hattaland i Klepp i 1925 som den andre av Sigrid og Lars Hattaland sine fire barn. Då var eldstebroren Kyrre allereie i sitt fjerde leveår. Seinare kom Helga Solveig og Holgeir Olav Lasse. I bryllaupssongen 25 år seinare skriv foreldra at ho var stor ved fødselen, og at ho smilte blidt til presten under dåpen, men at ho var tylten som få når ho skulle gå, og at ho hadde hug til dokker. På garden måtte ho og søskena tidleg ta del i arbeidet på garden. Det var stell av dyra i fjoset med molking og tilhøyrande oppgåver. Det var gjeremål ute på kjelvene og oppe i markå. Det var luking og hausting av hagebær. Det var matlaging og pass av yngre søsken. Oppveksten var med andre ord på fleire vis ein brei praktisk og allmenndannande skule, der alle skulle gjere nytte for seg over eit større spekter. Ei innretning som dei så å seie fekk inn med morsmelka, slik det i stor grad var i den tidas bondesamfunn.
Denne utdanninga – eller rettare: danninga – bar Liva med seg vidare som ei nokså gjennomsiktig haldning heilt fram til dei siste leveåra. Heile tida var det spørsmål om å hjelpe til der ho kunne og gjere noko nyttig av praktisk art. Ei innstilling ho tidleg prøvde å overføre til barnebarna sine.
Året som ho gjekk på Jæren folkehøgskule inngjekk også i fostringa hennar og gav rom for litt andre sysler. – «Du kan sy og koka, stella born, veva, stella blomar med ein torn,» skriv foreldra i den nemnde bryllaupssongen. Rolla som husmor var ho som skapt for.
Kanskje var dette noko som unge Nils frå Hinnaland la merke til då dei møtte kvarandre i leikarring og begynte å gå i lag. Han var i alle fall svært så nøgd med svaret hennar då han fridde. Det går fram av bryllaupssongen frå foreldra hans 22. juli 1950:
«Av Liva Nils fekk hjartans ja, og sveiv så fjåg og blid!
Då så til Hinnaland ho kom på gjesting vart det glans,
Ho var så ven ein ung-møyblom med fletta hår i krans!»
Så gir dei han ros for det han her hadde funne:
«Nils Junior på Hinnaland han skal så sant ha skrepp,
som slik ei fager jente fann frå Hattaland i Klepp.
Med brune augo, krulla hår, ho er vel fin å sjå!
Dei unge saman er ein vår med stråle-sitring på!»
Som nybakte ektefolk og Nils i jobb på Rosenberg flytte dei inn i leilighet i Eiganesveien i Stavanger. Ein søndag i slutten av mars 1954 spaserte dei to ned til Sanitetsklinikken. Der hadde Liva eit spesielt ærend: Ho var klar til å gjennomføre fødsel nummer ein. Morgonen etter fekk Nils beskjed på kontoret sitt på Rosenberg om at han hadde blitt far til ei fin jente. Ei jente han så vidt fekk ta i augesyn gjennom ein glasvegg på klinikken same ettermiddag. Jenta fekk namnet Synnøve og vart å rekne for ein ekta siddis. 3 år gammal flytte ho med det stolte opphavet sitt til Nedre Vaulen, der dei vart naboar til Kirsten og Alfred Hauge, og der Synnøve fekk dattera deira, Møyfrid, som næraste venninne.
Her, i dette lokalmiljøet, utfalda Liva mange interesser, eigenskapar og syslar. I første rekkje var ho husmor, noko som bygde opp under ein trygg og allsidig oppvekst for Synnøve og ungane i gata. I ettertid har Synnøve fleire gonger framheva mora som den som alltid var til stades og støtta henne i aktivitetar og ulike val. Særleg har ho framheva det året då ho som 17-åring hadde søkt AFS-opphald i Arizona, og far Nils meinte dette gjekk over rimelege grenser, så reiseplanane stod i fare for å bli kansellerte. Då var det Liva som trakka skikkeleg til for dattera og gav beskjed om at Nils måtte ta dette fornuftig og leggje følelsane sine til sides. Med dette innsteget fekk Synnøve reise og var borte eit heilt skuleår. Takk vere ei mor som hadde autoritet og kunne bruke den når det galdt. Og som kombinerte denne autoriteten med innleving og evne til vurdering. Ei som kunne sjå utover augneblinken her og no.
Nokre år seinare vart denne AFS-studenten min kjæraste og ektefelle og seinare mor til våre 4 gutar. Etter fødselen av tvillingane, Lodve og Sturla, sa Liva at dette var det største og gildaste ho hadde fått del i. – «Kan du tenkja noko større og gildare,» spurde ho retorisk. «To stykke på ein gong, og dette i tillegg til to stykke frå før! Og slike svære og flotte karar! Eg kan’kje mest’e beskriva det som eg føle! Så stort e’ dette! Me må vera så takknemlige og glade for at alt har gått godt. Og at Synnøve e’ i fine form.» Ja, så sant!
Engasjementet hennar for barnebarna kom i tillegg til dei faste syslene ho stod i allereie: Vel 50 prosent stilling som arbeidsterapeut ved Rogaland Vanføreheim, populært omtalt som Vannasen, som låg inst i Hillevåg. Ein dyktig skreddar og vevekyndig, aktivt medlem i Hagelaget, Husflidslaget, Husmorlaget, litterær studiesirkel, Hinna kyrkjering, hyppige besøk med dugnad på heimegarden og tilsyn med ei skrantande mor. Ei allsidig, uthaldande og breidt orientert kvinne, med ein stor porsjon sinnsro og ein vid omsorgsradius. Denne kvinna har meir enn gjort seg fortent til eit kvad, slik eg i eigenskap av svigerson utforma det til 70 årsdagen hennar 4.mars 1995:
Til deg, du mor og svigermor og fire gonger mormor,
vi rette vil ei helsing her ved denne milepel.
Du har betydd så mykje for oss og sett gode fotspor.
Så difor dette kvad du får. Det unner vi deg vél.
Det er litt rart å tenkje på at sytti det er talet
som timeglaset ditt har nådd når du får klem på kinn
og helsar oss velkomne hit til kyrkjelydslokalet
i festleg lag med slekt og vener som du har bedt inn.
Du har så mykje tæl og to og mange ambisjonar,
ein meister til å halde ut med kraft i sjel og sinn.
Du rusta er med kløkt og ro i ymse situasjonar.
Du vand til omsyn er å ta og mykje på du vinn.
Med grøne fingrar vert det kår for vekst og vakre blomar.
Men ugraset må lukast vekk, det kan’kje vekse vilt!
Så stakkars deg, du løvetann, som trår mot sol og sommar,
og alt av skvalderkål og slikt som ikkje er bestilt.
Med nål og tråd du syr og vøler om på mangt eit klesplagg.
Og gamle ting kan brukast, det treng ikkje vere nytt.
På kjøkken har du oversikt og kjerald av så mangt slag.
«Oppvaskmaskin? Nei, ikkje snakk!» Du ville følt deg snytt.
Ja, framfor alt du husmor er og likar å servere.
Så ikkje rart at matoppskrifter tek så stor ein plass.
«Og snåttaleg til bords? – Å, nei, det må det ikkje vere!
For alt i verda: Rikeleg i gryter og i glas!»
Men korleis går det då, mon tru, når Nils skyr unna kaker
og tyr til grovbrød, brunost, kavring, skumma surmelk på
og tordnar over kaffimat og feitt og slikkesaker
og vil på tur i skog og hei, ja, dra «ut i det blå»?
Og korleis går det når den eine likar fart i sake’
og andre parten trivest best i raste og i ro?
Når Nils i gangen oppkledd går og ventar på sin make.
« Du Liva! Er du klar no, du? Veit du at klokka slo?»
Jau, kompromiss er dykkar svar, og ingen fanatisme.
I livets skule har de fått så mang ein lærdom med.
Som vaksne kan de jenke dykk og bruke realisme
og ty til tolsemd slik som mang ein annan lukkesmed.
I lyd og lag du vankar tidt og aller mest blant kvinner,
der drøsest det om ymist slag frå himmel ned til jord.
Men alt av dette vike må straks du mot aust forsvinner.
For barnebarn er nummer éin å kunne dekke bord.
Det er så godt at du er til, du, mormor må vi seie,
og steppar inn når mor og far så ofte borte er.
Når to skal finne forballsko og to har gjort i bleie,
og det skal ordnast middagsmat og kle til all slags ver.
Og når du ser det går for vidt, «det er’kje vit i vegen».
Då kan du vere morsk og kvesse i med Jærbumål.
Når sol og måne skiftast skal, kven er då like fegen?
Då skal det gjerast rett og skil om enn det vert litt skrål.
Ha takk, då, her frå oss i dag for all din trott og møye,
for bussan lull og gryta full, for framsynt blikk i sinn,
for alt det vi har hatt i lag med alvor lått og løye!
Må enno rike år du få før du di kvile finn!