SVAJ

Nils Hinnaland

06/12/1921

-

23/10/2021

Det hende ein morgon i mars månad 1976 at ein ung mann, busett i Oslo, i følgje med sin nyslåtte kjæraste var passasjer på dåverande NSB si Sørlandsbane, og nattoget hadde godt og vel stoppa på endestasjonen i Stavanger. På perrongen stod eit vakse ektepar, spente på kva som ville kome til syne i døropninga ut av toget. Før det ferske kjærasteparet hadde sett føtene sine på bakkenivået, kom det spontant frå den ventande mannen omtrent slik: «Der stikke det for sørgje meg to fjes ut. Å, gubba! Synnøve i lag med ein høge, slanke stake! Det var det fælaste! Velkommen hertil!»
Den unge mannen som truleg utløyste sistnemnde kommentar, det var eg. Og eg var for dette høvet lokka med av Synnøve til hennar opphav og heimby for å bli vist fram for første gong som kommande svigerson. Den som stod bak kommentaren på perrongen, det var min tilkommande svigerfar, Nils. At enkelte ord og uttrykk frå hans side ikkje tilhøyrde min daglegtale på dette tidspunktet, dempa så visst ikkje opplevinga av ein varm og overstrøymande velkomst. Samstundes etterlet det inntrykket av at denne tilkommande svigerfar min var litt utanom det ordinære. Heldigvis verka ho som skulle verte mi svigermor meir dempa og balansert, roa eg meg med. Dei følgjande åra skulle komme til å byggje opp under og utdjupe dette førsteinntrykket.
Nils var den fjerde i rekkja av dei 6 barna til mor Ingeborg, f 1884, og Nils senior, f. 1879. 6. des. 1921 var fødselsdagen hans. Då var broren Daniel allereie 9 år, Erik var 4 år og Sigrun var 3. Tre år etter Nils, kom Jostein, og så Isak 3 år deretter. Grunnen til at eg framhevar dette er dei banda til søskena som Nils la for dagen gjennom sitt vaksne liv. Det var tydeleg at desse hadde ein stor plass hos han. Dette vart understreka for meg allereie på min nemnde jomfrutur til Vaulen, etter at eg berre hadde vore i huset ein halv dag. Då kom både Daniel og Berta og Erik og Anna inn om Liva og Nils på veg mot ei førestilling i Rogaland teater seinare på kvelden. Tydelegvis eit stopp på vegen på bestilling frå Nils. Han ville dele med meg sentrale personar i storfamilien alt frå dag ein. Og kanskje også vise dei det siste skotet på stamma si. Det var på alle vis eit lødigt, lattermildt, humoristisk og varmt møte med dei to storebrødrene og svigerinnene hans. Og eg slapp å lure på om eg i den leiren var akseptert som nytt familiemedlem. I denne hangen hans til omgang med familien var garden og gardsfolket på Hinnaland ein grunnstamme. «Heim til Hinnaland» var eit uttrykk som gjekk igjen i vokabularet hans. Det var barndommens rike som aldri falma. Der var røttene. Der var grunnspråket og sjargongen. Der sat latteren laust. Der var landskapet med ein vekslande himmel. Og der var sikta mot havet og solnedgangen. Og der var dei gode minna etter mor og far.
Seinast nokre veker før han døydde observerte eg fleire gonger der han sat i stolen på Liva sitt rom på Smedstadhjemmet at han fantaserte om å ta dagtoget til Stavanger, taxi frå byen til Vaulen og tur til slektningar på Hinnaland. – «For på Hinnaland er det alltid så god servering med fin duk på bordet og lått og løye i drøsen.» Deretter ein svipp innom Eikhi til Isak på Bryne. «For Isak har så mykje flotte dressar i butikken sin. Og Isak er så flink med folk», påpeikte han og deklamerte og levde seg inn i den jærgeografien han så mang ein gong hadde ferdast i på kryss og tvers. Når vi tek omsyn til at han dei siste åra har vore ein god del kognitivt svekka, er det slåande at denne type fantasiar har overvintra og nærmast tatt bustad hos han, og at han har kunna gjenta desse uoppfordra når Synnøve og eg var på besøk. Som om synet av oss rulla ut desse minna på nytt. Med andre ord: Ein mann som hadde tydeleg glede av å pleie minna om dei første, nære relasjonane i livet. Ein mann som var godt over gjennomsnittet oppteken og stolt over storfamilien sin, og som trivdest i lag med «dei unge», som han sa, dvs. nevøar og nieser. Ein som hadde lett for å få kontakt også i den leiren.
Trass i at han tidt og ofte flagga heimstaden sin, var han ikkje spesielt lysten på gardsdrift og bondeyrket. «Nils blir ingen bonde», skal faren ha sagt på eitt eller anna stadium i oppveksten. Då var det straks meir interesssant å skape noko med verkty i hendene. På nabogarden Holen fann han bestekameraten Rasmus. I dette selskapet fekk hyttebygging nord i marka og fiske i Hinnalandskjønnet forrang framfor stell av dyra og innhausting av avling. På Vestly folkeskule var kyrkjesongar Kjøllesdal læraren. Der var salmevers og folkeskikk (les: åtferd) minst like viktige læringsmål som skriving og rekning. Apropos åtferd: Soga fortel at unge Nils hadde instruks frå mora å bruke hovudplagg når ver og vind tilsa dette. Men plagget vart raskt plassert inn i steingarden så snart guten på skuleveg var ute av moras synsfelt. Det var tydelegvis ikkje tøft nok for ein kar på hans alder å innrette seg etter mor sitt pålegg på det området. Soga fortel også at han slett ikkje var fri for diverse spillopper og rampestrekar. Ein gong vart han varsla om at det venta represalier for det han hadde gjort. Men Nils visste råd: Før nokon på garden sansa det, var han komen langt på veg i forsøket på å klatre opp til mønet på den høge løa og kunne etter kvart spasere ytterst på taket og sende spyttklyser ned på bakken utan tilsyelatande høgdeskrekk. Nede stod den stakkars mora med hjartet i halsen og bad på sine arme kne om at han måtte vere gild og komme ned. I forhandlingane som følgde mellom bakkenivået og dei store høgder var det Nils som hadde hand om dei sterkaste korta, medan foreldra var dei som måtte krype til korset og be om fint ver, som det heiter.
Etter framhaldsskulen gjekk vegen til Dalheim fylkesskule. Her fekk han boltre seg i sløyd og vise ferdigheit med tremateriale og tilhøyrande verkty. «Eg har ikkje noko meir å lære deg,» skal læraren, Odd Fjellberg, ha sagt som kommentar til produkta hans. Dei av oss som i ettertid har vore innom Nils dine veggar på Vaulen og sett det han har stelt med av trearbeid, kan godt forstå kommentaren frå læraren den gong.
Interessa for mekanikk og motorar førte Nils deretter i første omgang til teknisk skule i Gøteborg saman med han som skulle bli ein av hans næraste omgangsvenner: Randolv Hauge. Læretida der vart supplert med tekniske fag i Stavanger i 2 år og praksistid i verkstaden hos Nils Underhaug på Bryne og hos Kverneland. Draumen som arbeidstakar var å verte flygar og dermed kunne lette frå og lande på Sola flyplass. Men krigen sette ein bom for dette. Som hybelsøkjar i Stavanger under andre verdenskrig var det ein føremon å kunne presentere seg som bondegutt frå Jæren, sidan tilgangen hans til jordbruksprodukt på helgeturar hos foreldra var av stor betydning i ein by og eit land der det var rasjonering på grunnleggjande matvarer.
I den vanskeleg tida landet var i under krigsoppgjeret skulle bakgrunnen hans vise seg å komme vel med også på ein annan måte: Politiet, som på den tida låg nede med broten rygg, trengde pålitelege folk med eit anstendig rulleblad, bla. i transporttenesta si. Fungerande politimester, Olav Ravndal, hadde god kjennskap til Nils Hinnaland senior, og i kraft av dette fekk sonen engasjement som sjåfør i etaten. Nokre år tidlegare – hausten 1941 – var han i tillegg til andre ungdommar frå Jæren peika ut til å vere med i den såkalla Arbeidstenesta, som i nasjonens regi i dette tilfellet skulle assistere bønder og fruktdyrkarar til å få avlinga deira i hus. Saman med Kristian Søyland hamna Nils på garden til Sigrid og Sjur Uppheim i Ulvik. Dette lokalsamfunnet lengst inne i Hardanger hadde då vore scene for ein militær konfrontasjon mellom tyske og norske styrkar, og fruktlager og butikkar var skotne i brann. I tillegg til innhausting trengte bygdesamfunnet tilførsel av matvarer. Løysinga her vart overføring av sildamjøl frå Stavanger, og gravensteineple den motsette vegen. For Nils vart dette arbeidsopphaldet utgangspunktet for eit varig og godt vennskap med gardsfolket på Uppheim, noko Sjur junior nyleg framheva for meg i telefon.
Av enno større betydning for Nils vart den kontakten han knytte til gardsfolket på Hattaland i Klepp og den eldste jenta der. I songen frå svigerforeldra hans på bryllaupsdagen framgår det at «Tidleg Nils han byrja vanka her, her hjå oss du bror og son no er.» Songen frå hans eigne foreldre same dagen etterlet liten tvil om at Liva var ei attraktiv jente. Høyr berre dette: «Nils junior på Hinnaland han skal så sant ha skrepp, som slik ei fager jente fann frå Hattaland i Klepp. Med brune augo, krulla hår, ho er vel fin å sjå. … Då så til Hinnaland ho kom, på gjesting vart det glans. Ho var så ven ein ungmøyblom med fletta hår i krans.» Folkeviseleik var ein felles arena, der også Livas storebror Kyrre var med som vektar og passa på at den fagre søstra heile tida var i trygga.
Då bryllaupsklokkene ringde for dei ein sommardag 1950, var Nils tilsett i ingeniørstilling ved teiknekontoret på Rosenberg verft, og han og Liva fekk seg leilighet i Madlaveien. Mot slutten av mars månad 1954 var Liva høggravid og klar for fødsel. Etter ein spasertur frå bustaden deira til St. Svithun klinikken 28. mars om ettermiddagen, kom Synnøve ut i dagslyset dagen derpå, og familielukka var stor. Synnøve har seinare fortalt at «far kalte meg for La’en den første tida, fordi eg sa berre la, la, la.» Til søstra si, Sigrun, skal han i Livas nærvær ha sagt at det var så mykje arbeid med henne å følgje opp. Men då hadde Sigrun svart med ein aldri så liten verbal oppstrammar til broren., noko som visst nok der og då fall i god jord hos Liva.
Etter nokre få år fekk dei 3 seg tomt i Buflåtvegen. Besteforeldra til Synnøve kausjonerte for huslån, og kjernefamilien kunne flytte inn i 1957 i ly av Kirsten og Alfred Hauge som næraste grannar, og med dattera deira, Møyfrid, som varig barndomsvenninne. I skarp konkurranse med Hinnaland vart denne tomta i Buflåtvegen 4 med åra verdens beste buplass for Nils. «Me har det så gildt her på Vaulen. Tenk å få bu på ein slike plass i oljebyen Stavanger og med Jæren, Norges kornkammer, rett attmed!», sa han rett som det var. Her planta han i si tid rosebuskar som årleg pryd for familie og forbipasserande. Her planta han hekkar og frukttre. Her stelte han plen og bordkledning på beste vis. Her pleia han bilane sine utvendig så vel som innvendig. Her var utgangspunktet for mangfaldige turar i skog og mark og til Jærstranda, som han inkluderte mange av oss med på. Her vaks det fram ei stor fotosamling i kraft av ein uvanleg flink hobbyfotograf. Ikkje til å undrast at han var etterspurt på institusjonar og foreningar med seriar med diasbilete. For ikkje å snakke om at familiebileta og minna etter fellesturar og ly og lag var sikra der han var gjest eller vertskap. Ein kommentar frå broren Jostein under ei bursdagssamling på hotel Sverre på Sandnes var i mine øyre svært så treffande: «Du ser så mykje, du, Nils.» Ja, det var nettopp det han gjorde: Han såg så mange ting som lett gjekk oss andre forbi. Og han delte det han såg i form av både muntleg referat og fotografisk gjengiving.
Ikkje minst hadde han syn for barn og unge. Mange kan underskrive på det. Det var sjeldan kjedeleg eller teikn til dødvatn der han ferdast. Der var barnetekket på plass. Dei fleste barn som kom i hans veg fekk kjenne det såkalla mulataket, der han varsamt tok eit lite grep over nasen deira, assistert av ein eller annan halvsprø, men avvepnande replikk og ansiktsuttrykk. Han kunne tiltrekkje seg dei fleste barn. Dette veit barnebarna hans å stadfeste. Morfar var som skapt til å leike med, til å fortelje, til å kunne skifte fokus, til å vekkje fantasien og til å lære av. Han hadde pedagogens utrustning nærmast i blodet. Ein glimrande dramatikar som ofte kunne improvisere med stort hell når rullgardina gjekk ned i barnesinnet. Maken til barnetekke, evne til abligøyer og leikelyst!
Dei første 20 åra av Nils si tid på Rosenberg var prega av Sig. Bergersen d.y. som eigar og som den største oppdragsgivaren for verftet. Bergesen var ei drivande kraft med stor respekt som arbeidsgivar og ein pioner i utviklinga av store tankskip. Med stigande tankrater frå 1947 var tida inne for å bygge store tankskip ved verftet, og som vart opptakta til ei rivande utvikling på Buøy. Frå 1970 vart verftet overdratt til Kværnerkonsernet, og oljealderen var i anmarsj med bygging av plattformer og understell og ein ekspansjon i arbeidsstokken frå inn- og utland. Her vart dei såkalla Statfjord-plattformene omtalte som verdens sjuande underverk. Eit eventyr i norsk historie utspelte seg, og som Nils frå dag til dag stod oppe i med begge beina og fekk kjenne på pulsen nærare enn dei fleste. Han var glad i arbeidsplassen sin og gledde seg over samarbeidet med gode kollegaer, medan han av og til i det klassedelte verftsmiljøet ynka seg over oppførselen hos arbeidarane på det såkalla «golvet», omgitt som han var av ingeniørar og andre funksjonærar, som utgjorde ei slags overklasse ved verftet. Namn som Sigfus Siem, Lars Nag, Peder Auestad og andre vart ofte nemde med ein positiv valør ved middagsbordet på Vaulen. Etter førti år i teneste hos denne arbeidsgivaren, oppnådde han såkalla erkjentlighetsgåve – eit gullur for lang og trufast innsats – og kunne starte på etappen som ein aktiv pensjonist. Her tok arbeidet med golvur og skipskister til kvar av barnebarna mykje av tida hans i ein periode. Eit arbeid som langt ifrå kven som helst ville vere skikka for å gå i gang med – enn seie å fullføre.
Anten det var i omgang med barn eller vaksne la han for dagen ein optimistisk tone, godt humør og ei utadretta innstilling som overgjekk dei fleste. Det var som han lyste opp i møte med andre – kjende eller nye ansikt. For han var der ingen barriere i kontakt med framande. Han var kjernefamiliens utanriksminister, medan Liva på fleire vis var innanriksministeren. Så langt eg kunne sjå utfylte dei kvarandre på ein god måte. Begge kunne til tider ha sterke meiningar, men hadde samstundes vit nok til å jenke seg når tema og situasjon tilsa det.
Som omtalt utanriksminister var han utrusta med diplomatiske evner, som seg hør og bør, og bydde på seg sjølv. Ein fredens mann som helst skygga unna konfliktar og konfrontasjonar og la vinn på å utvikle fredeleg sameksistens og gode relasjonar. Ein mann med ei mild og imøtekommande, men tidvis også offensiv framtoning, og som heile tida bydde på seg sjølv. Ein mann som smitta andre med sitt lyse humør, og som meir enn gjerne kunne vekkje latter med sine slåande framstillingar og kommentarar. Alt i alt ei sjeldan plante fostra i det jærske jordsmonnet, og som sjølv ikkje veik tilbake for å understreke kor stolt han var over denne bakgrunnen: Ein gong jærbu – alltid jærbu! Bodskapen hans til barnebarna gjentok han gjerne når det var oppbrot og vi skulle kvar til vårt: «Dette er gode karar! Stå på og gjer ein go’e jobb! Ver pliktoppfyllande! Så skal det nok gå godt.»
Det er i stor takksemd og ikkje så lite vemod at vi takkar for eit tett og mangeårig følgje og unner han kvile. Ein sjeldan gild ektemann, ein raus far og svigerfar og ein uforgløymeleg og høgt skatta morfar.

No videos found.

SVAJ QR

QR Code

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *